Skap interaktive historier eller barnebøker med AI
AI kan skrive historier som heng saman, og illustrere dei med bilete som ser ut som noko barn kan forstå. Med verktøy som ChatGPT, Claude og MidJourney kan du lage barnebøker, interaktive PDF-ar og digitale forteljingar som kan seljast direkte frå Joomla eller WordPress, eller via Etsy, Gumroad, Payhip og andre plattformer som toler fargar.
Format og innhald
- Barnebøker: 10–20 sider med tekst og bilete, enkel struktur
- Interaktive historier: PDF med val, lydspor eller QR-kodar
- Temapakkar: dyr, eventyr, norsk natur, AI-surrealisme med pedagogisk tonefall
Produksjon
Bruk ChatGPT eller Claude til å skrive korte historier med klar struktur. MidJourney eller Firefly kan illustrere, men test for anatomi og fargebruk. Unngå bilete med hender, ansikt eller dyr med for mange auge.
Design og distribusjon
Layout med Canva, Figma eller Photopea. Publiser som PDF, EPUB eller interaktiv nettside. Sel via Etsy, Gumroad, Payhip, eller direkte frå Joomla eller WordPress med Stripe eller WooCommerce. Trykk via Printful om du vil ha fysisk versjon. Unngå plattformer som krev pedagogisk bakgrunn.
Abonnement og serieformat
Tilby som månadleg serie: éi ny historie kvar månad, med same karakterar eller tema. Bruk Stripe Subscriptions, Gumroad Memberships eller WooCommerce Subscriptions. Interaktivitet kan leggast til med QR-kodar, lydfiler eller enkle valmekanismar.
Eksempel på produkt
- Barnebok: «Reven som ikkje ville på tur» – AI-generert tekst og bilete
- Interaktiv PDF: «Vel din eigen fjelltur» med QR-kodar og lydspor
- Serie: «12 historier frå ein maskin som aldri har vore ute»
- Temapakke: «Eventyr utan moral, men med struktur»
AI skriv historia. Du gjev ho format, fargar og ein plass å bu. Ingen treng å vite at forfattaren aldri har vore i skogen.